Klatrehøgder av skred på krumma leievoll
Research report

View/ Open
Date
2002-01-15Metadata
Show full item recordCollections
- NGI report [224]
Abstract
I krumma skredkanalar vil sentrifugalkrefter lyfta skredmassen opp langs
kanalveggen i yttersving. Dette hender avdi sentrifugalkreftene roterer den frie
overflata med ein vinkel θ (definert i Formel 1, s. 6). Klatrehøgda aukar
dramatisk når sentrifugalvinkelen nærmar seg hellingsvinkelen til den ytre
vollveggen. Avgjerande storleikar er snøggleiken til skredmassen,
kanalkrumminga i to plan, og helningsvinkelen i den ytre vollveggen. Det er
utleidd formlar for vertikal klatrehøgd på vollsida. Desse formlane er
implementerte i eit rekneark, der brukaren bestemmer kanalgeometrien,
snøggleiken og mengda av strøymande masse. Innverknaden av kvar designparameter er presenterte grafisk i avsnitt 3.3.